Utbygginga ved Slinningen er i rute

Snuplassen ved Slinningsodden er ferdig asfaltert og frå tirsdag 4. oktober 2022 blei det opna for trafikk. 

Gravemaskin og folk i arbeid med kantstein på ny busstopp - Klikk for stort bilete Jan M. Myrstad

Denne veka har det vore asfaltarbeid på den nye snuplassen på Slinningsodden. No er asfalteringsarbeidet ferdig og frå tirsdag 4. oktober vert trafikken flytta frå hovudvegen til det nye området.

Bussen vil ikkje snu på området før prosjektet er ferdig, men av- og påstigning vert gjort ved snuplassen. 

Austsida av hovudvegen det neste

Tirsdag asfalterte Veidekke AS, ein av underentreprenørane til ACO Anlegg, nedre og øvre berelag på vestsida av prosjektet. Onsdag etablert anleggsgartnar Jan Erik Sandal AS som også er ein av underentreprenørane til ACO Anlegg kasselstein, kantstein, ved perrongen. 

No skal ACO Anlegg starte på fase 2 i prosjektet som er austsida av hovudvegen.  

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete