Arbeid er starta opp ved Puskelva, uavhengig av ny hovudentreprenør.
Eivind Finnes
Tidsplan for konkurransen:
- 19. mai 2026: Kontrakt lyst ut
- 08. juni 2026: Frist for spørsmål
- 15. juni 2026: Tilbodsfrist og opning
- 01.september 2026: Vedståingsfrist
Prosjektet var opphavleg planlagt ferdig hausten 2026, men er forseinka. Ny framdriftsplan kjem når kontrakt er signert.
Arbeid som er starta opp
Etter konkursen vart anleggsarbeidet stoppa, men nokre prioriterte tiltak er sette i gang.
Det er risiko for oversvømming ved Nextcar på grunn av mellombels omlegging av Puskelva. For å redusere risiko blir det no utført masseflytting og røyrlegging på ei avgrensa strekning, uavhengig av ny kontrakt.
Vidare er det lagt storgatestein i rundkøyring og dråpeøyer, men arbeidet er ikkje ferdigstilt. Ferdigstilling er nødvendig for å hindre skade og sikre verdiar, og det er mest føremålstenleg at KJ Bjerkreim fullfører. Det er også bestilt asfaltering av mindre strekningar.
Overskotsmassar ved Blindheim IL blir køyrde bort av Blindheim Maskin og deponerte hos Esam Møre.
Økonomi
Det er valt ein ordinær anskaffingsprosess etter vedtak i styringsgruppa 13. mars, der økonomi er tillagt avgjerande vekt. Ei open konkurranse skal sikre best mogleg pris og redusere risiko.
Det er framleis usikkert korleis konkursen har påverka styringsramma, mellom anna knytt til krav mot buet og eventuelle garantiutbetalingar. Prisnivået i ny kontrakt blir avgjerande for den vidare økonomiske vurderinga.
Sak om prosjektets økonomiske status er venta lagt fram for styringsgruppa til Bypakke Ålesund fredag 19. juni.