Styringsgruppa i Bypakke Ålesund hadde møte onsdag. Saka gjaldt vidare arbeid med prosjektering av Hessafjordvegen frå området ved Slinningen barnehage og fram til den nye snuplassen ved Slinningsodden. Planen har vore å lage to køyrefelt, fortau og busshaldeplassar.
Arbeidet med innkjøp av konsulent er sett i gang og er no er i sluttfasen med forhandling og kontraktstildeling. På møtet onsdag skulle styringsgruppa ta stilling til om ein skulle halde fram det arbeidet.
Avlyse og utsette
Ei samrøystes styringsgruppe valde å avlyse innkjøpsprosessen og utsette vidare planlegging. Styringsgruppa ventar å ha betre økonomisk oversikt over dei gjenståande prosjekta i Bypakken mot slutten av året, og vil ta saka opp igjen då.
Styringsgruppa vedtok at ein i lys av den økonomiske usikkerheita i bypakken avlyser det pågåande innkjøpet for grovskisse ID 732 Hessafjordvegen for 3,5 millionar 2026-kroner i påvente av oversikt over ny porteføljestyring av resterande prosjekt.