Velkommen til opningsmarkering av nytt sykkelfelt i Skarbøvika

Bypakke Ålesund, ved Møre og Romsdal fylkeskommune,  har gleda av å invitere til offisiell opningsmarkering for nytt sykkelfelt og fortau i Skarbøvika. Dette er viktige tiltak for gåande og syklande i bydelen.  Alle er velkommen.

Dronebilde av gate med rød asaflt - Klikk for stort bileteDet nye sykkelfeltet er merka i rødt. Eivind Finnes

Tirsdag 3. juni, kl. 11.00,  ved Tonningsgate 19
Det blir snorklipping, talar, sykling og musikalsk innslag. Servering av kake, bollar, brus og kaffi. 

Program: 

  • Musikalsk innslag ved Skarbøvika barnehage 
  • Velkommen ved samferdselsdirektør Jesper Wiig 
  • Tale ved prosjektsjef Torbjørn Vatnehol 
  • Tale ved Karl Arne Remvik frå Ålesund sykkelforening 
  • Tale ved leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, og medlem i styringsgruppa i Bypakke Ålesund, Hans Olav Myklebust (Frp) 
  • Snorklipping ved Karl Arne Remvik frå Ålesund sykkelforening 
  • Representantar frå Skarbøvik ungdomsskole testar sykkelfeltet
  • Servering av kake og bollar
     

Det kan bli endringar i programmet.