Endra køyremønster mellom Blindheim og Flisnes

I veke 47 var det nokre dagar med endring i køyremønsteret. Dette arbeidet gjekk raskare enn venta, og allereie tirsdag 17. november var arbeidet ferdig. Trafikken er no tilbake på omkøyringsvegen gjennom Puskhola og Bjørkavollen. 

Dronebilde som viser kjøremønsteret beskrevet i teksten. - Klikk for stort bileteOmkøyring i veke 47 Bypakke Ålesund

AVSLUTTA: Frå måndag 16. november blir trafikken lagt om til delar av den nye fylkesvegen, gjennom rundkøyriga, og vidare inn på omkøyringsvegen. Omlegginga vil vare i nokre dagar. 

I denne perioden vil delar av fylkesvegen ha grusdekke.  

Tilbake til omkøyringsvegen

Dette trafikkmønsteret vil vere gjeldande fram til tidleg i januar 2027 når delar av den nye fylkesvegen blir tatt i bruk. 

Dronebilde som viser kjøremønsteret beskrevet i teksten. - Klikk for stort bileteTrafikken blir lagt tilbake til dagens løysing frå 17. november til starten til januar. Bypakke Ålesund

Ny fylkesveg opnar på nyåret 

I løpet av dei første to vekene i 2027 er planen at strekningen blir tilbakeført til fylkesvegen.

Denne omlegginga er avhengig av veret. Før trafikkomlegginga kan gjennomførast, skal entreprenøren ferdigstille mellom anna belysning, rekkverk, støyskjermar og sideareal langs den nye vegen. 

Dronebilde som viser kjøremønsteret beskrevet i teksten. - Klikk for stort bileteTrafikken blir lagt over til den nye fylkesveg frå midten av januar 2027. Bypakke Ålesund

Endringar for bussreisande frå januar

Når den nye vegløysinga blir teken i bruk i januar 2027, vil enkelte busslommer bli justerte. 

Haldeplassen “Blindheimshallen” i vestgåande retning blir vidareført slik den er i dag. I austgåande retning blir haldeplassen "Blindheimshallen" flytta til ny busslomme i henhald til reguleringsplan. Haldeplassane “Puskhola”  både i austgåande og vestgåande retning, blir justerte noko samanlikna med dagens løysing. 

Ferdig seinhausten 2027 

Prosjektet Blindheim-Flisnes er estimert ferdig seinhausten 2027. Møre og Romsdal fylkeskommune er byggherre på prosjektet som er ein del av Bypakke Ålesund.