Arbeidet har starta på Blindheim – Flisnes

Bypakke Ålesund har starta arbeidet med utbygginga av prosjektet Blindheim – Flisnes. Fleire kryss skal leggast om, i tillegg til at det kjem betre løysingar for mjuke trafikantar.  

Gravemaskin langs veg med trær. - Klikk for stort bileteRydding av skog er i gang mellom Blindheim - Flisnes. Eivind Finnes

Byggeperioden vil vare i om lag 2 år frå mars 2024, og skal utførast i fleire fasar for å ta omsyn til trafikantar, eigedomar og næring som grensar til prosjektet.

-Første fase er no i gang, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Erlend Aune.  

-Entreprenøren har etablert tungsikring og skilting langs fylkesvegen og kommunale vegar. I tillegg er det starta opp med fjerning av skog for å klargjere området.  

Fleire stader langs dei kommunale vegane er entreprenøren i gang med avskoging. Det blir skilta dersom arbeidet fører til omkøyring, og det settast inn tiltak der arbeidet foregår nær mjuke trafikantar.  

Vidare i prosjektet

-I dei kommande vekene startar vi opp med bygging av omkøyringsveg i Ramsvika. Der skal det etablerast ny kulvert, som er ein undergang for fotgjengarar. Vidare vil vi starte med sprengingsarbeid ulike stader innanfor anleggsområdet. Fylkeskommunen kjem tilbake med nærmare informasjon, seier prosjektleiar Erlend Aune.

Det blir mellombelse løysingar for trafikkomlegging i dei ulike fasane. Prosjektet inneber at fleire kryss skal leggast om, i tillegg til at det kjem betre løysingar for mjuke trafikantar. Ved Blindheimshallen kjem det ny rundkøyring.

Les meir på nettsida til prosjektet. 

Område med nylig hugget skog.  - Klikk for stort bileteRydding av skog mellom Blindheim - Flisnes. Eivind Finnes