Møre og Romsdal fylkeskommune
Bertelsen & Garpestad gjekk konkurs i mars 2026. Konkursen påførte prosjektet store ekstrakostnader. I tillegg til at dei attståande anleggsarbeida måtte lysast ut på nytt i ein marknad med høgare prisnivå, har prosjektet hatt kostnader knytte til sikring av anleggsområdet, handtering av overskotsmassar, oppfølging av konkursbuet og gjennomføring av ein ny konkurranse.
Møre og Romsdal fylkeskommune har fremja krav mot både konkursbuet etter Bertelsen & Garpestad AS og entreprenøren sin garantist for å få dekt delar av meirkostnadane etter konkursen.
Ikkje behov for ytterlegare kutt
Garantisten har no stadfesta at prosjektet får utbetalt om lag 23 millionar kroner. Det reduserer den økonomiske usikkerheita etter konkursen, og det blir dermed ikkje behov for ytterlegare kutt i Bypakke Ålesund si prosjektportefølje.
Då styringsgruppa i Bypakke Ålesund vedtok korleis det auka finansieringsbehovet på 118 millionar kroner skulle dekkast førre veke, vart det teke atterhald om at garantibeløpet ville bli utbetalt. Dette er no avklart. Det betyr at vedtaket står ved lag, utan behov for ytterlegare omprioriteringar eller kutt i porteføljen.
Les meir om vedtaket og konsekvensane konkursen har fått for andre prosjekt her.
Slik fungerer garantien
Når ein entreprenør går konkurs, kan byggherren fremje krav direkte mot garantisten, som i dette tilfellet er eit forsikringsselskap. Garantisten kan betale ut inntil garantibeløpet for å dekke meirkostnader ved å engasjere ein ny entreprenør som fullfører prosjektet. Garantibeløpet er vanlegvis 10 prosent av kontraktssummen. Dersom meirkostnadene etter konkursen overstig garantibeløpet, må byggherren sjølv dekke differansen.
Krav til konkursbuet ikkje avklart
Det er også meldt inn eit krav på om lag 69 millionar kroner til konkursbuet etter den tidlegare entreprenøren. Kravet er enno ikkje avklart, og utfallet kan få stor betydning for dei endelege kostnadene i prosjektet.
Styringsgruppa har likevel valt å sikre finansieringa av prosjektet utan å leggje til grunn at det kjem ei utbetaling frå konkursbuet.