Den nye rundkøyringa tek form.
Eivind Finnes
På møtet får du status for prosjektet, plan for vinterdrift på omlagde vegar og vidare framdrift mot våren.
– Vi ønskjer å informere om kva tiltak vi gjer for trygg trafikkavvikling i Ramsvika, og korleis vi jobbar med alternative løysingar, seier Eduardo Martinez Gutierrez, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Heile prosjektet er venta ferdig hausten 2026. Området får betre tilrettelegging for gåande og syklande, ny rundkøyring ved Blindheimshallen og sanering av trafikkfarlege kryss.
Entreprenør er Bertelsen & Garpestad, og prosjektet er ein del av Bypakke Ålesund.
Praktisk informasjon
Tid: 10. desember kl. 17.00 – 19.00
Stad: Blindheim klubbhus
Møtet er i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Les meir om vegprosjektet