Korsegata blir stengt mellom 8. juni og november 2023.
Rambøll
Korsegata er først ut, og blir stengt for biltrafikk mellom 8. juni – november 2023. Området blir godt skilta, og anleggsområdet blir skjerma med byggegjerder.
Vi legg til rette for gangvegar gjennom gata og til inngangsparti i byggjeperioden, og dette skal vere universelt utforma. Vi startar med å rive asfalt, kantstein og betongmur. I praksis vil vi grave opp heile Korsegata, seier Torbjørn Vatnehol, prosjektleiar for Bypakke Ålesund.
Byggearbeid i ulike fasar
Fram mot oktober 2024 blir det vegarbeid i Korsegata, Posthuskrysset, Kipervikgata og Keiser Wilhelmsgate i ulike periodar. Fylkeskommunen er i dialog med næringsdrivande om mellombelse løysingar for varelevering og tilkomst til garasjeanlegg.
Vatnehol fortel at det er krevjande å bygge i eit bysentrum.
I grunnen ligg det store mengder kablar, leidningar og røyr som må takast omsyn til. I tillegg skal det leggast ned mykje ny infrastruktur. Grunnarbeidet tek difor noko tid, seier han.
Ny rute for bussen i byggeperioden
Når Korsegata blir stengt vil bussen køyre alternativ trasé forbi Korsatunnelen i Kipervikgata. Alternative haldeplassar er Utstillingsplassen, Korsatunnelen og Rådhuset. Avgangar på linje 100/101 får starthaldeplass Ålesund rutebilstasjon i perioden gata er stengt.
Haldeplassane Utstillingsplassen, Parkgata, St Olavs Plass og Dronning Sonjas plass vil ikkje bli betent i den perioden bussen køyrer alternativ rute.
Legg til rette for kollektiv transport
Prosjektet er ein del av kollektivsatsinga i Bypakke Ålesund og skal bidra til å korte ned reisetida mellom Hessa og Moa. Med ny løysing for buss i sentrum blir det av- og påstiging i Keiser Wilhelmsgate og Korsegata. Området får ei oppgradering og blir trivelegare og opphalde seg i. Det er entreprenøren Aco Anlegg som står for bygginga.
Les meir om kollektivknutepunktet
Les om byggeperiodene i prosjektet