Mindreforbruk i kollektivprosjekt i Ålesund sentrum

Kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum, som omfattar Keiser Wilhelmsgata, Korsegata og delar av Kippervikgata, er ferdigstilt. Arbeidet starta i juni 2023 og blei opna for trafikk 23. desember 2024.  

buss i gate - Klikk for stort bileteBussane har køyrt i kollektivknutepunktet frå 23. desember 2024. Sunniva Ullavik Erstad

Sluttoppgjeret viser eit varig mindreforbruk på heile 43,3 millionar kroner. Dette skuldast mellom anna lågare pris fra entreprenøren Aco anlegg AS enn estimert, og mindre mengder forureina masser enn venta både i Keiser Wilhelmsgate og Korsegata.  

 - Prosjektet er ferdig, og inneheld eit effektivt og vellukka kollektivknutepunkt, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Eduardo Martinez Gutierrez.  

 - Vi har også bygd finare gater som er godt lagt til rette for folk og folkeliv.

Styringsgruppa i Bypakke Ålesund skal avgjere korleis mindreforbruket skal disponerast. Det er forslag om at restmidlane kan gå til Brosundbro, trafikktryggingstiltak, sykkel- og gangvegar og noko administrativ støttefunksjon.  

Les meir om prosjektet.