Omkøyring i Ramsvika frå måndag 15. april

I forbindelse med utbygginga av Fv.60 Blindheim-Flisnes skal det etablerast ein ny gangkulvert i Ramsvika. I byggeperioden for kulverten er det behov for omlegging av trafikken i Ramsvika, og vi har etablert ein mellombels omkøyringsveg i området.  

Veg mellom trær - Klikk for stort bileteHer blir det omkøyringsveg frå 15. april. Eivind Finnes

Frå måndag 15. april blir det lysregulering langs den kommunale vegen, og trafikantar blir leia ned på ein mellombels omkøyringsveg. Denne vegen leggast parallelt med gang- og sykkelvegen i byggeperioden, og skiljast med gjerde mellom. Trafikkomlegginga vil være naudsynt fram til hausten 2024.  

Dette er tiltaka

I Ramsvika skal det byggast ny undergang for gåande og syklande, også kalla kulvert. Arbeidet vil omfatte etablering av byggegrop med utgraving og sprenging, før betongarbeidet med sjølve kulverten startar opp.  

Sprenging

Det vil foregå noko sprengingsarbeid i byggeperioden. Det kjem snart på plass ei løysing for SMS-varsling for sprenging der alle som vil ha varsling kan melde seg på.  

Skisse av omkøyringsveg:

Kart over Ramsvika - Klikk for stort bileteIllustrasjon av omkjøringsveg.

 

Les meir om prosjektet.