Slik blir vegprosjektet mellom Blindheim og Flisnes

Ei sterkt trafikkert strekning skal no få ei betydeleg oppgradering. Med ny rundkøyring og betre tilrettelegging for gåande, syklande og for kollektivtrafikk, blir det nye tider i bydelen. Prosjektet har oppstart i 2024. 

Veistrekning - Klikk for stort bileteBlindheim - Flisnes foto før oppgraderinga

Strekninga mellom Blindheim og Flisnes har gjennomsnittleg trafikk per døgn på 11 000 bilar. Det har vore stor befolkningsvekst i området, og fylkesvegen er ei av hovudfartsårene for eksport ut av fylket. No skal fleire kryss leggast om, i tillegg til at det kjem betre løysingar for mjuke trafikantar. Ved Blindheimshallen kjem det ny rundkøyring.

Resultatet blir eit stort løft for området, vegsystemet blir meir trafikksikkert og prosjektet legg betre til rette for mjuke trafikantar, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torbjørn Vatnehol. 

Byggeperiode i 2 år

Byggeperioden vil vare i om lag 2 år frå 2024, og skal utførast i fleire fasar for å ta omsyn til trafikantar, eigedomar og næring som grensar til prosjektet. Det blir mellombelse løysingar for trafikkomlegging i dei ulike fasane. I følge Vatnehol blir trafikkomlegginga i perioden mellom hausten 2024 – våren 2025 den som er mest til ulempe for bebuarar. Vegen blir ikkje lagt om i heile denne perioden, og fylkeskommunen har som mål å minimere tida.

Ved å legge om  fylkesvegen heilt i periodar er det lettare og jobbe raskt. Ein får minimert tida med omkøyringsveg og ulempene det fører med seg for omgjevnadane. Det er omfattande arbeid som skal skje på fylkesvegen, seier han.


I den fasen skal det utførast arbeid på fylkesvegen mellom Blindheimshallen og Puskhola, som har til dels utfordrande grunnforhold. Det skal mellom anna byggast to undergangar og vegen skal utvidast.

Møtte bebuarane på informasjonsmøte

Bypakke Ålesund presenterte planane i eit ope informasjonsmøte i juni, der innbyggarane fekk svar på spørsmål. Det blei også ein gjennomgang av byggearbeidet og ulempene for trafikantar og bebuarar i byggeperioden.  Planleggingsfasen går no mot slutten, og Møre og Romsdal fylkeskommune lyser anleggsarbeidet ut på anbod til hausten. 

Dette er tiltaka:

  • Ny rundkøyring ved Blindheimshallen erstattar krysset ved Blindheimshallen, krysset i Puskhola og kryssa ved Eikenosen og Hjelldalen.
  • Utviding og midtrekkverk på fylkesvegen  
  • Nytt sidevegssystem for Ramsvikvegen
  • Puskholevegen utvidast til to køyrefelt med fortau og to-vegs sykkelveg
  • Nye undergangar ved Blindheimshallen, Puskhola, Ramsvika og Hatleholen 
  • Utviding av undergang ved rundkøyring Flisnes
  • Fortau langs Ramsvikvegen og Puskholevegen
  • Ny gang- og sykkelveg på nordsida av fylkesvegen mellom Nyledbakken og Flisnes
  • Samanhengande gang- og sykkelvegsystem som knyter området saman
  • Seks oppgraderte busshaldeplassar, tre på kvar side av vegen 
  • Støyskjermingstiltak langs fylkesvegen 

Les meir om prosjektet

kart over vegstrekning - Klikk for stort bileteSlik blir vegen i området Blindheim Flisnes etter ombygging

Kontakt oss

Torbjørn Vatnehol
Prosjektleiar Bypakke Ålesund, Møre og Romsdal fylkeskommune
E-post
Mobil 97 71 41 19