Området hadde stort behov for gode løysingar for dei som går og syklar. Prosjektet strekk seg frå krysset Brogata/Tonningsgate til Skarbøvikgata ved Notholmen (like før Kiwi Skarbøvik).
- Prosjektet er ein del av ein framtidig plan om samanhengande sykkelveg mellom Hessa og sentrum, og området har fått eit stort løft, fortel Eduardo Martinez Gutierrez, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Det er alltid krevjande å jobbe langs vegen på denne måten, og prosjektet har i tillegg blitt utvida i to omgangar. Vi er svært takknemlege for at naboar og trafikantar i området har vore tolmodige, seier han.
Dette har Bypakke Ålesund gjort i området:
- Nye, raude sykkelfelt på begge sider av vegen
- Oppgradering av vegbana med breiare køyrefelt
- Oppgraderte fortau
- Betre belysning
- To oppgraderte busstopp – flytta vekk frå svingen for å auke trafikktryggleiken, og reetablert som kantstopp for auka prioritering av buss.
Vatn og avløp i Ålesund kommune har samtidig lagt nye vatn- og avløpsleidningar i området, og fjerna to direkteutslepp av avløpsvatn.
Eduardo Martinez Gutierrez er prosjektleder for Bypakke Ålesund i Møre og Romsdal fylkeskommune sine prosjekter i Bypakke Ålesund.
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Vi har også nytta moglegheita til å gjennomføre eit trygg skuleveg-prosjekt. I Kaptein Linges veg har vi blant anna oppgradert busstoppa og fortauet, og ved Hessaskaret har vi oppgradert vegbelysninga, fortel Martinez.
Prosjektet vart ferdig i midten av mai, og har blitt overlevert frå entreprenøren Mesta til byggherre Møre og Romsdal fylkeskommune.
Den offisielle opninga blir i Skarbøvikgata tirsdag 3. juni frå kl. 11.00. Alle er velkommen til underhaldning, talar og kake. Les meir om opningsmarkeringa her.