Statens vegvesen
Har pengar til å fullføre tunnelen
Fredag vart styringsgruppa for Bypakke Ålesund orientert om status for E136 Breivika-Lerstad. Statens vegvesen opplyser at dagens kontraktar kan gjennomførast innanfor prosjektet si økonomiske ramme.
– Arbeidet med Lerstadtunnelen går etter planen, og vi har nok pengar til å bygge ferdig denne delen av prosjektet, seier Ole Kristian Birkeland, prosjektleiar i Statens vegvesen.
Hovudentreprenør NCC arbeider med tunnel og dagsoner, og etter planen skal den nye tunnelen opne i desember 2027.
Manglar om lag 100 millionar kroner
Som ein del av prosjektet skal også Lerstadvegen tilpassast den nye trafikksituasjonen. Det er også planlagt samanhengande gang- og sykkelveg mellom Moa og Lerstad.
Denne delen av prosjektet er ikkje ferdig prosjektert og inngår ikkje i kontrakten med NCC. Planen er at denne delen av prosjektet lysast ut som ei eiga kontrakt etter at Lerstadtunnelen har opna.
– Dersom arbeidet med lokalvegar og gang- og sykkelveg blir bygde slik reguleringsplanen legg opp til, viser dei foreløpige berekningane ein kostnad på om lag 180 millionar kroner. Då manglar vi om lag 100 millionar kroner innanfor dagens styringsramme, seier Birkeland.
Vil sjå på forenklingar
Statens vegvesen har derfor starta arbeidet med å vurdere ulike innsparingsmoglegheiter før lokalvegane og gang- og sykkelvegen.
– Vi ser på fleire moglegheiter for å redusere kostnadene. Samtidig er det viktig å ta vare på dei viktigaste måla med prosjektet, særleg tryggleiken for gåande og syklande. Blant anna ønskjer vi framleis å få til samanhengande sykkelveg mellom Moa og Lerstad, seier Birkeland.
Slike tiltak kan til dømes vere å gjenbruke eksisterande veg der det er mogleg, flytte sykkelvegen nærmare dagens vegtrasé og nytte eksisterande gangveg på delar av strekninga.
Statens vegvesen har etablert dialog med Ålesund kommune som ein del av arbeidet med å vurdere aktuelle løysingar.
Sak kjem tilbake til styringsgruppa
Statens vegvesen jobbar vidare med konkrete forslag til innsparingar og forenklingar. Planen er å leggje fram ei ny sak i starten av 2027, slik at styringsgruppa kan ta stilling til vidare vegval for prosjektet.
– Målet er å finne gode løysingar som gjer at vi kan gjennomføre prosjektet innanfor dei økonomiske rammene vi har. Det meiner vi er mogleg, seier Birkeland.
Les saken der Statens vegvesen varsla om auka kostnader