Snuplass på Slinningen

Ålesund kommune har bygd ny snu- og haldeplass for buss på Slinningen. Då snuplassen stod ferdig, vart busstilbodet på Hessa lagt om frå ringlinje til pendellinje.

Ein buss står på haldeplassen på Slinningen og ventar på avgang.  - Klikk for stort bilete Sunniva Ullavik Erstad

Det betyr at bussane no har endestasjon på Slinningen og køyrer tilbake same veg langs Hessavegen.

Den nye haldeplassen på Slinningsodden og omlegginga av bussruta har redusert reisetida til sentrum med inntil ni minutt. Prosjektet vart ferdigstilt i 2023.

For enkelte førte endringa til litt lengre veg til næraste busstopp. Likevel har dei fleste framleis under 400 meter, eller mindre enn fem minutt, å gå til haldeplassen.

Byggherre

Ålesund kommune

Status

Fullført

Omlegginga har også gjort reisa meir effektiv. Tidlegare kunne bussen bli ståande i opptil ni minutt ved Skarbøvik ungdomsskule og vente med passasjerar om bord. Dette er det no slutt på.

Les meir om ferdigstillinga av prosjektet her