Om Bypakke Ålesund

Ålesund skal no ruste seg for framtida. Bypakke Ålesund er eit av dei største samferdselsprosjekta i kommunen nokon gong. Fire milliardar kroner skal brukast på å betre vegane, bygge sykkelvegar, sikre dei mjuke trafikantane og legge tilrette for auka bruk av kollektivtransport.

Om Bypakken

Ålesund er regionsenter mellom Trondheim og Bergen. Bypakken er ikkje berre eit miljøtiltak, men også eit tiltak for ønskt byutvikling, og for strategisk transportplanlegging til og frå sentrum.

Ålesund er ein by i vekst. Både talet på innbyggarar og næringslivsetableringar aukar. Dei siste åra har innbyggartalet i Ålesund auka med 350–500 innbyggarar.

Om 20 år vil innbyggartalet auke med fleire tusen. I delar av Ålesund er grensa for kva vegnettet toler allereie i ferd med å bli nådd. Saman med vegutbygging, skal gang- og sykkeltiltak samt kollektivtilbodet prioriterast og styrkast i Bypakke Ålesund. 

Bypakke Ålesund skal sikre at kommunen fortsatt kan vere ein god by for alle, også i framtida. Alle prosjekta i bypakken er samla i ein bompengeperiode på 11–13 år. Målet er at dei store prosjekta skal vere fullførte innanfor ti år, slik at ein sikrar seg midlar frå Nasjonal transportplan, NTP.

Finansiering av Bypakke Ålesund

Finansieringa av Bypakke Ålesund er basert på innkrevjing av bompengar, samt statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. I tillegg er det lagt til grunn at all meirverdiavgift som staten refunderer for prosjekt og tiltak i bypakka skal førast tilbake til Bypakke Ålesund. 

  •     Statlege midlar: 620 millionar kroner
  •     Fylkeskommunale og kommunale tilskot: 135 millionar kroner
  •     Refusjon av meirverdiavgift: 140 millionar kroner
  •     Bompengar: 3 128 millionar kroner

Bypakken har ei kostadsramme på om lag fire milliardar kroner. Bygging av ny firefelts vegtunell frå Moa til rundkøyringa på Lerstad er det største prosjektet i Bypakke Ålesund. Prosjektet er kostnadsrekna til 2 milliardar kroner. 

To milliardar skal brukast på trafikksikring, kollektivtiltak og sykkelvegar. Blant dei store prosjekta er ny kollektivterminal ved Ålesund sjukehus, ny bru over Brosundet, og Miljøgate og tiltak rundt Campus.

Bypakke Ålesund vil ha ein innkrevjingsperiode på inntil 15 år, men det er berekna at innkrevingsperioden blir noko kortare. Ut frå dei føresetnadene som ligg inne i finansieringsopplegget for bypakken, så er berekna innkrevjingsperiode om lag 12 år. Planlagd oppstart for innkrevjinga er i 2022.

Mål å redusere biltrafikken

Det er eit mål frå sentrale myndigheiter å redusere biltrafikken i norske byar. Difor har bypakken i Ålesund fleire hovudmål:  

  • Byen skal ha eit påliteleg og effektivt transportsystem for alle transportformer. Transportsystemet må møte veksten i transportsektoren.  
  • Bypakken skal bidra til å utvikle framtidsretta kollektivtilbod.  
  • Bypakken skal bidra til attraktiv og berekraftig byutvikling. 

Organisering

Bypakke Ålesund er eit samarbeidsprosjekt mellom Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen. Eit sekretariat med tilsette frå dei tre samarbeidspartane førebur saker til den politisk utnemnde Styringsgruppa for Bypakke Ålesund. 

Dokument

Her finn du dei mest sentrale dokumenta knytt til Bypakke Ålesund.